- Project Runeberg -  Tradisjonelle norske folkeviser /
Den Dag Kjem Aldri av A.O. Vinje

Tema: Norwegian Literature
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Den Dag Kjem Aldri

av A.O. Vinje

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar,
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg følgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d)er du som kjem inn til meg, eg tykkjer;
eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d)er du som gjeng der og tuslar;
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d)er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.


Project Runeberg, Tue Dec 11 17:45:07 2012 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkevis/dendag.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free