- Project Runeberg -  Edda Sæmundar /

Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

 

Voluspå

 

 

1

Om ljod bed eg alle

helga lydar,

store og småe

søner åt Heimdall.

Det vil du, Valfader,

at vel eg fortel

frå fyrndeheim

det som fyrst eg minnest.

 

2

Jotnar eg minnest

i opphav borne,

dei som fordom

meg fostra hadde.

Nie heimar,

nie innvere,

heilagt stortre,

før det spratt or mold.

 

3

Årle i old

var det Yme bygde;

var ei sand eller sjø

eller svale bylgjor;

jord var ikkje,

opphimmel ikkje;

var Ginnungagap,

men gras var ikkje,

 

4

før Burs søner baud

bøar seg lyfte,

dei som Midgard

mætan skapte.

Sol skein sunnan

på steinar i sal,

då grodde grunnen

med grønan lauk.

 

5

Sol kom sunnan,

syster åt månen,

slo høgre handi

om himmelhestar.

Sol ikkje visste

kvar salar ho åtte,

Måne ei visste

kvar makt han åtte,

stjernor ei visste,

kvar stader dei åtte.

 

6

Tivar alle

på tingstolar gjekk,

dei høgheilage

heldo rådlag:

natt og near

namn dei gåvo,

morgon likeins

og middagsleite,

undorn og aftan,

til år å rekne.

 

7

Hittast æser

på Idavollen,

og borg og hov

høgt dei timbra.

Dei avlar lagde

og eigner smidde,

dei tenger laga

og tòlar gjorde.

 

8

Med tavl på tunet

dei trøydde seg glade

- var deim visst ikkje

vant på gull -

til tri der kom

tussemøyar

med avle og age

frå Jotunheimen.

 

9

Tivar alle

på tingstolar gjekk,

dei høgheilage

heldo rådlag:

kven skaren av dvergar

skapa skulle

or blodet åt Brime

og Blåins leggjer.

 

10

Vart Modsogne skapt,

mætast var han

av dvergar alle,

men Durin dernest.

Manneskapnader

mange dei gjorde,

dvergar, or jordi,

som Durin det sagde.

 

11

Nye, Nide,

Nordre, Sudre,

Austre, Vestre,

Altjov, Dvalin,

Nå og Nåin,

Niping, Dåin,

Bivur, Båvur,

Bombur, Nore,

Ån og Ånar,

Åe, Mjødvitne.

 

12

Vigg og Gandalv,

Vindalv, Torin,

Trå og Tråin,

Tekk, Lit og Vit,

Ny og Nyråd,

no hev eg dvergar -

Regin og Rådsvinn -

retteleg nemnt.

 

13

File, Kile,

Fundin, Nåle,

Hepte, Vile,

Hanar, Sviur,

Billing, Brune,

Bild og Bure,

Frå, Hornbore,

Fræg og Lone,

Aurvang, Jare,

Eikinskjalde.

 

14

D'er tid til dvergar

i Dvalins fylgje

for mannelyden

til Lovar å telja.

Frå Sals steinar

ut dei sette

mot Aurvang-stader

og Joruvollar.

 

15

Der var Draupne

og Dolgtrase,

Hå, Haugspore,

Levang, Gloin,

Dore, Ore,

Duv, Andvare,

Skirve, Virve,

Skavid, Åe.

 

16

Alv og Yngve,

Eikinskjalde,

Fjalar og Froste,

Finn og Ginnar;

kjent skal vera,

med folk er i verdi,

langfedrar alle

i Lovars ætti.

 

17

Til tri der kom

av tjodi denne

høge og hæve

æser til husar.

Fann dei på land

lite maktande

Ask og Embla

utan lagnad.

 

18

Dei åtte kje ande

eller åthug hadde,

korkje let eller lag

eller livsens varme.

Ande gav Odin,

åthug Høne,

let fager Lodur

og livsens varme.

 

 

 

19

Ask veit eg stande,

heiter Yggdrasil,

høgt tre, vatna

med kvitande våg.

Derfrå kjem dogg

som i dalane fell.

Stend alltid han grøn

over Urdarbrunnen.

 

20

Derfrå kjem møyar

mangt vitande

tri frå den sal,

under treet stend.

Urd het den eine,

den andre Verdande,

dei runeskior skar,

Skuld den tridje.

Dei lov lagde,

dei liv kåra,

for mannelyden

dei lagnad seier.

 

21

I aust sat den gamle

i jarnskogen

og fødde der

Fenres ungar.

Nett den eine

av alle desse

vert solar-tjuven

i trolleham.

 

22

Matar seg mett

på mannelik,

om gudegardar

gøyser han blod.

Svart vert solskin

sumrane etter,

veret vålyndt.

Veit de nok, eller kva?

 

23

Ho folkstrid i heimen

den fyrste minnest,

då dei Gullveig

med geirom støytte,

og i Hårs hall

dei henne brende.

Dei tri gong' brende

den tri gong' borne.

ofte, ei sjeldan,

då enn ho lever.

 

24

Dei Heid ho kalla,

der til husar ho kom,

spåvise volva.

Vakte ho gandar,

med seid fór ho støtt,

seida med ihug,

uneleg alltid

for illkyndt kvende.

 

25

Tivar alle

på tingstolar gjekk,

dei høgheilage

heldo rådlag:

skulle æser

avlåt gjeva

eller offer alle

gudar eige?

 

26

Spjut heiv Odin

og skaut i flokken,

det var folkestrid

den fyrste i heimen.

Broten vart bordvegg

i Asa-borgi,

vaner på opne

vollar sprungo.

 

27

Tivar alle

på tingstolar gjekk,

dei høgheilage

heldo rådlag:

kven hadde lufti

med løynsvik blanda

eller jotunætti

Ods møy gjevi?

 

28

Einast Tor der tok i,

tròten av harm;

han sjeldan sit

når slikt han fretter.

Brotne vart eidar,

ord og lovnad,

sætter alle

som sannfeste var.

 

29

Veit ho Odins

auga er løynt

i den mæte

Mimesbrunnen.

Mjød drikk Mime

morgon kvar ein

av Valfaders pant.

Veit de nok, eller kva?

 

30

Veit ho løynd er

Heimdalls ljod

under heilage

høgreiste treet.

Over vert sprøytt

stride fossar

av Valfaders pant.

Veit de nok, eller kva?

 

31

Ho einsam sat ute

då Ygg der kom,

åsa-gubben,

og i augo henne såg:

" Kva mun du meg frega,

kvi freistar du meg?

Alt veit eg, Odin,

kvar du auga løynde."

 

32

Gav henne Herfader

haugar av gull,

ringar, fe-muner,

at ho frøde seie

og løyndomar

i ljoset bere.

Såg ho høgt og lågt

i heimar alle.

 

33

Såg ho valkyrjor

vidan komne,

greidde te ride

åt gudetjodi.

Skuld ho heldt skjold,

Skogul var med,

Gunn, Hild, Gondul

og Geirskogul.

 

34

Eg såg for Balder,

bjarte guden,

Odins-sonen,

orloga løynd.

Var han vaksen

høgt over voll,

mjuke, fagre

mistelteinen.

 

35

Vart av teinen,

som tottest så grann,

skadeskot stygt,

Hòd han skaut.

Men Frigg ho gret

i Fensalom

over våden i Valhall.

Veit de nok, eller kva?

 

36

Då mun Våle

våbandi snu,

heller hardgjort

var hapt av tarmar.

 

37

Såg ho bunden kulten

i kjeldelunden,

sviplik sviklyndte

Loke-sellen.

Sit der Sigyn;

men storleg glede

ho visst ikkje hev.

Veit de nok, eller kva?

 

38

Garm han gøyr

føre Gnipaheller,

festet slitnar,

og Freke han renn.

Fram ser eg lenger,

fulla kan eg tala

om ragnarok,

ramt for sigtivar.

 

39

Sat der på haugen

og slo på harpa

gygrehyrding,

glade Egde.

Gol om honom

i gagleskogen

fager raud hane,

som Fjalar heiter.

 

40

Gól over æser

Gullinkambe,

som hjå Herfader

heren vekkjer.

Ein annan gjel

i jordi nede,

sótraud hane,

i salom åt Hel.

 

41

Sal ser ho stande

frå soli vend

på Nåstrandi,

mot nord snur døri.

Fell eiterdropar

inn om ljoren,

og heile salen

av hoggorm er fletta.

 

42

Å fell austan

om eiterdalar,

full av saks og sverd,

Slid heiter ho.

Ser ho der vada

i straumar tunge

menn meinsvorne

og mordvargar

og den som maktstel

annans møy.

Der saug Nidhogg

nåekroppar,

varg sleit i lik.

Veit de nok, eller kva?

 

43

Stod det i nord

på Nidavollar

ein sal av gull

for Sindre-ætti.

Ein annan stod

på Ukolne,

jotuns bjorsal,

han som Brime heiter.

Garm gøyr høgt

føre Gnipaheller,

festet slitnar,

og Freke han renn.

 

44

Hardt er i heimen,

hórdom kaldleg,

øks-old, sverd-old,

skjoldar klovna,

vind-old, varg-old,

før verdi øydest,

grunnen gjallar,

gygrar fljugande.

 

45

Brødrar kvarandre

banesår gjev,

systrungar skal

sin skyldskap spille.

(Frendskapsbandi

er brostne alle.)

Mun ingen mann

sin målsven spara.

 

46

Mims søner leikar seg,

men lagnads-slåtten

gjeng på giddande

gjallarhornet.

Høgt blæs Heimdall,

set horn til vers,

mæler Odin

med Mims hovud.

 

47

Skjelv Yggdrasils

ask standande,

ym aldrug tre,

og jotun losnar.

Hustrar alle

på helvegar,

før enn Surts

skylding det gløyper.

 

48

Koss er med åsom,

koss er med alvom ?

Gnyr Jotunheim all,

æser er på tinge;

dvergane styn

føre steindørom,

veggbergs vlse menn.

Veit de nok, eller kva2

Garm gøyr høgt

føre Gnipaheller,

festet slitnar,

og Freke han renn.

 

49

Rym ek austan

med opplyft skjold,

Jormungand vrid seg

i jotunsinne.

Orm skjek kvervlar,

og ørni klikkar,

slit gråbleik i nåar;

Naglfar losnar.

 

50

Skip fer austan,

skride mun Muspells

lydar på hav,

men Loke styrer.

Tusse-flokken

Freke fylgjer,

med deim er bror

til Byleist i lag.

 

51

Surt fer sunnan

med svidande eld;

det skin av sverdet

så soli bleiknar.

Grjotbergi dett,

gygrane skvett,

menn på helveg hastar,

himmelen klovnar.

 

52

Atter sorgi

sår fær Lin

når Odin til strid

mot ulven stemner,

og Beles bjarte

bane mot Surt;

der mun Friggs ven,

den kjære, falle.

 

53

Garm gøyr høgt

føre Gnipaheller,

festet slitnar,

og Freke han renn.

 

Då kjem den store

Sigfaders son,

Vidar vega

skal valdyret.

I Kvedrungs-sonen

sverdet han høgg

heilt til hjarta,

og hemnd er faren.

 

55

Kjem den storfræge

son åt Lodyn,

Odins-sonen,

vil ormen vega.

Han legg til med makt,

Midgards verjar.

Og frå heimane

folki rømer.

 

56

Det gøyser eiter

og gneistar sprutar

or gapande munnen

på Midgardsormen.

Gjeng fet nie

Fjorgyn-sonen,

gruv, frå ormen

med grunnfest heider.

 

57

Sol mun svartne,

sig jord i hav,

av himmelen kverv

klåre stjernor.

Eimen gøyser,

og elden sleikjer.

Logar leikar

lukt til himmels.

 

58

Garm gøyr høgt

føre Gnipaheller,

festet slitnar,

og Freke han renn.

 

59

Ser ho opp koma

andre gongen

jord or havet

atter grønkledd.

Fossane fell,

flyg ørn over,

ho som på fjell

fisken veider.

 

60

Hittast æser

på Idavollen,

om leie tindorm

dei lenge talar,

legg seg på minne

lagnads-burdar

og Fimbul-ty's

forne runer.

 

61

Då mun atter

undersame

tavlor av gull

i graset finnast,

som dei åtte

i opphavstidi.

 

62

Då mun åkrar

usådde vekse.

Ilt mun batne,

Balder han kjem.

Hòd og Balder

bur på tufti

i valtiva-ve.

Veit de nok, eller kva?

 

63

Tun-tre Høne

trygg kan velja,

og brødre-søner

byggje saman

i Vindheim vide.

Veit de nok, eller kva?

 

64

Sal ser ho stande

fagrar' enn sol,

med gull er han tekt,

på Gim-lé.

Der skal sviklause ætter

eige heime,

og i alder og æve

une njote.

 

65

Då den store

stig på domstolen,

han frå det høge,

som heimen styrer.

Han saker sætter

og domar set,

set ve som alltid

vara skal.

 

66

Kjem den dimme

draken fljugande,

fråneorm, nedan

frå Nidafjelli.

Ber lik i fjørom,

flyg over voll

Nidhogg nå bleik.

No mun ho søkke.

 

 

 

 



Project Runeberg, Thu May 3 00:41:18 2012 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/eddano/no-01.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free